Boken på vent: Få meg på, for faen!

Kvar tysdag oppmodar Beathe oss til å skrive om ei bok me ynskjer å lese. I dag har eg tenkt på ei bok eg endå ikkje har i hus, men som garantert ska haldast mellom hendene mine om ikkje altfor lenge.
Tidligare i år las eg Nesten frelst av Sigvart Dagsland av Olaug Nilssen. Ei bok som hadde lege lenge i bokhylla og samla støv. Då endelig las ho, vart eg frelst! Olaug Nilsen-frelst. Og då er det ikkje anna råd enn å lese fleire bøker av forfatterinna. Eg gler meg til å lese Få meg på, for faen
Korfor eg skriv på nynorsk? Fordi Olaug Nilsen skriv på nynorsk, sjølvsagt. Og fordi forskninga viser at nynorsk gjer deg smartare!
Frå forlaget si side:
Sebjørn og kona hans har åtte døtrer. Denne store familien bur i Skoddeheimen, der Sebjørn driv ein kolonialforretning, og kona er frustrert over å vere heime. Ho ønskjer å bli noko, og tek seg arbeid på nepefabrikken. Alma og Artur er unge. Ein mogeleg seksuell kontakt opnar opp for tankar og fantasiar som er vanskelege å kontrollere. Ei ung jente arbeider som vaskehjelp, og i tankane drøymer ho om å bli intervjua av ein TV-stasjon.

Alma får si seksuelle oppvakning når Artur er borti henne med pikken, og er i dei følgjande vekene nærmast svimeslått av uforløyst begjær. Maria vil at nokon skal sjå korleis ho lir i jobben som vaskehjelp, og planlegg å skrive eit føredrag i sosiologi som skal bli så godt og viktig at media plukkar det opp og gjer henne til kjendis. Kona til Sebjørn får si feministiske oppvakning då det ein dag går opp for henne at verken dei åtte ungane hennar eller Sebjørn verdset husarbeidet ho gjer og omsorga ho yter. Ho drøymer om fast jobb, og reiser til Oslo for å demonstrere mot nedlegging av Skoddeheimen nepeforedling AS.
I denne vekas utfordring la Tine ut ein «brannfakkel.» Takk til deg, Tine for at du satte ord på det som eg og fleire andre bloggarar har tenkt på. Det er ikkje det at eg synst at me  kommentere alle bloggonnleg me les. Men samstundes synst eg det er trist når eg legg heile sjela mi i ein bokomtale for å ikkje få ein einaste tilbakemelding. Så har eg somme dagar kjent meg småleg som har tenkt sånn. Eller på dårlege dagar har eg tenkt at det eg skriv er dårleg og heilt utan betydning for andre. Og så er det ikkje sånn et eg treng å bety noko for alle. Men for nokon, kanskje … ?!
Samstundes er eg veldig glad for desse utfordringane. Fordi eg får mange gode tips til nye bøker og forfattarar. Fordi eg stadig finn nye bloggarar som eg har glede av å følge. Og sjølvsagt er eg og glad for at dei er med å gjeve bloggen min litt meir blest!
Så i dag har eg rett og slett nytta denne vekas utfordring til å linke tilbake til det som eg sjølv reknar som mitt beste blogginnlegg. Monge har allereide lest det, men eg anar jo ikkje kva de synst om det …
No er det påske! Eg les krim, Nådens omkrets av Jørgen Brekke! Fornøyeleg!

2 thoughts on “Boken på vent: Få meg på, for faen!

Add yours

Jeg setter stor pris på om du legger igjen en kommentar! Jeg skal gjøre mitt beste for å svare alle. Ønsker deg en GLAD dag!

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

Blogg på WordPress.com.

opp ↑

%d bloggers like this: