En smakebit på søndag

Smakebit på søndag: Fugletribunalet

Det har vore ein nydeleg sundag; regnfull og forblåsen – men når dagen inneheld god gudsteneste, latterfull leik og god bok, ja då blir det ikkje anna enn nydeleg! Biskop Erling Pettersen snakka i dag om kordan Kristi nærvær kan forvandle både liv og død, om me let han. Boka eg les no, Fugletribunalet av Agnes Ravatn, har på sett og vis den same bodskapen: Om me vågar å vere nær kvarandre, om me vågar å slippe frykten, først då kan forandring skje.

«Eg hadde alltid tenkt om meg sjølv at dersom eg nokon gong blei galen, ville eg likevel ikkje bli ein slik person som gjekk rundt i gatene og snakka høgt til meg sjølv, for eg ville ikkje hatt noko å seie. Men her, i denne stillheita, med hendene i den kalde, fuktige jorda eller trillande på daude greiner, bobla eg over av indre snikksnakk, endelause samtalar med meg sjølv, andre gonger innbilte dialogar mellom meg og andre, eg diskuterte og argumenterte i timevis om gongen. Eg tapte alle mine indre diskusjonar. Lytta meir til innbilte meiningsmotstandarar enn til meg sjølv, deira argument vog alltid tyngst. Andre folk var alltid meir til å stole på enn eg.»

Det er ei sår og vakker bok. Og det er så riktig at ho er skriven på nynorsk!
Eg er snart ferdig å lese Fugletribunalet, men omtalen kjem ikkje før i mars, då det er samlesing i forbinding med Bokbloggerprisen, som boka er nominert til.
Besøk Mari for fleire smakebitar! God sundag!

9 tanker om “Smakebit på søndag: Fugletribunalet”

  1. Takk for smaksprøven! Jeg har lyst til å lese denne, men vet ikke om jeg får kjøpt meg den før mars, så vi får se om jeg får vært med på bokbloggpris-felleslesningen.

  2. Som deg har jeg akkurat lest denne og får velnprøve meg på en liten omtale i løpet av mars! Jeg har enda ikke konkludert med om jeg likte boka eller ikke! Den er veldig todelt syns jeg…
    Ønsker deg ei fin uke!

Jeg setter stor pris på om du legger igjen en kommentar! Jeg skal gjøre mitt beste for å svare alle. Ønsker deg en GLAD dag!

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s