Agnes Ravatn, Psykologisk-realisme

Bokomtale: Fugletribunalet

I år skal for fyrste gong Bokbloggerprisen delast ut. Då eg høyrde om prisen fyrste gong, tenkte eg at det var ein fin ting. Og at det var fint at eg ikkje trong å delta. Og det tenkte eg lenge. Då kortlista kom, og alle bokbloggarane begynte å snakka om samlesing, så tenkte eg: Så fint for dei! For endå var det ikkje noko for meg. Det var berre ei av bøkene på lista eg hadde lyst til å lese, og Fugletribunalet av Agnes Ravatn var ikkje blant dei. Eg veit ikkje korfor eg enda med å låne både Fugl og Fugletribunalet på biblioteket. Kanskje fordi ho berre låg der? No har eg lese begge, og er veldig, veldig glad for det!
Fugletribunalet er Agnes Ravatn si andre bok. Hennar fyrste bok, Veke 53, blei gitt ut i 2007. Denne boka fekk ho Natt & Dags Bergenspris for. Fugletribunalet fekk ho P2-lyttaranes romanpris for, og romanen er no og nominert til Bokbloggerprisen 2013.
«Eg drog pusten. Eit ansikt og ein kropp i føriåra ein stad, han såg ikkje ut til å vere det minste pleietrengande. Eg maskerte overraskinga med eit smil og tok nokre steg imot han. Han var grovbygd og mørk. Såg meg ikkje rett inn i augo, men forbi då han strekte ut neven.»
Kva gjer ein når sorg, skyld og skam rammar? Me har vel kanskje alle forskjellige svar på det, men både Allis og Sigurd vel einsemda. Kan hende tilfeldig, kan hende ikkje – likefullt så endar Allis og Sigurd opp med å bu i same hus, tilbaketrekt frå omverda. Dei har av heilt forskjellige årsakar trekt seg tilbake frå samfunnet.
Då Allis flytta inn hos Sigurd, som gartnar og hushjelp, kjentes det som ho ikkje hadde anna val. Som om ho fortente å bu i lag med Sigurd. For sjølv om dei budde i same hus, hadde dei ingenting med kvarandre å gjera. Allis laga mat til Sigurd, og ho stod med kjøken benken medan han åt. Så åt ho etterpå. Ingen ord vart utveksla. Det er tydeleg at Allis var redd. Kven var denne mannen som sat heile dagen på arbeidsværelset sitt? Og kva gjorde han der?

«Normalt hadde eg ingenting imot stillheit, men no kjende eg meg nesten desperat. I hovudet mitt gjekk det ei ras av setningar eg hadde lyst til å seie til han, men ingen av dei var mulege. Eg hadde så lyst til at han skulle vere interessert i meg, at han ville vite meir om meg, han visste nesten ingenting om kven eg var. Det var blitt mørkt ute, men det regna ikkje lenger.»

Langsamt ser me konturane av tragedie opne seg. Agnes Ravatn gjer eit vakkert og sårt bilde av to menneske som ber på skyld og skam. Dei har begge vald einsemda, for å gjera bot. Medan dei balanserar på lina mellom at dei treng kvarandre, og at dei fryktar kvarandre, malar Ravatn eit bilete av det vidunderelege som kan skje når to personar vågar å opne seg for kvarandre. Forsoning, er det mogleg?
Steinar Sivertsen skriv i Stavanger Aftenblad:

«Til å begynna med er begge to innstilt på å halda avstand til kvarandre. Men snart utviklar historia seg til å bli eit erotisk ladd kammerspel av det klassiske, mørke slaget. Allis blir fascinert av den tause, mystiske arbeidsgivaren som ber på løyndomar ho må kjempa for å få innblikk i. Alkoholen fløymer. Driftene pressar på. Uroa grip om seg. Dei illevarslande teikna blir mange. Tragedien trugar.»

Agnes Ravatn har skrive ein utruleg nær og intens roman. Forfattaren bruker eit «nakent» og enkelt språk. Setningane er korte. Ravatn seier ikkje meir enn ho må. Resten må me lesarar lesa mellom linene. For om språket er minimalistisk, så gjer det stort rom for ettertanke.  Her er inga ord overlatt til tilfeldigheitene. 
Historia blir og knytt opp mot norrøne myter. Dei dramatiske forteljingane gjer illevarslande teikn om at noko dramatisk er i emminga. Fugl kan og vere illevarslande teikn, og dei går, om enn stilltiande, gjennom boka som ein tynn, raud tråd. Fugletribunalet har sjølvsagt ein svært sentral plass, men det kan eg ikkje seie så meir om, utan å røpa for mykje
Gjennom heile romanen, kjente eg at det knytte seg i magen. Me fekk vita lite om Allis og Sigurd sine forhistorier, men det me fekk vita, ga stor gjenklang. Frå starten av boka låg det ei kjensle av noko dystert. Sjølv om Allis og Sigurd fekk eit stadig nærare forhold. Sjølv om håpet blei sterkare. Forsoninga klarare. Oppreisinga sterkare. Likefullt, så var det eit dystert bakteppe som fekk det til å knyta seg i magen hjå meg. Eg klarte ikkje å sleppa det. Boka greip meg!
Kasiopeiia skriver veldig fint om Fugletribunalet!

16 thoughts on “Bokomtale: Fugletribunalet”

  1. Jeg er glad for at du har lest både fugl og ikke minst Fugletribunalet! Denne måneden tenkte jeg å lese Veke 53 mens andre leser fugletribunalet så får jeg en dose Ravatn denne måneden jeg også.

  2. Flott omtale av en flott bok! Hadde ikke trodd jeg skulle nominere en nynorsk bok til Bokbloggprisen, men det gjorde jeg altså. Kunne stolt anbefale den til en Ukrainsk litteraturstudent som trengte noen nynorske bøker.

  3. Ja, dette var en flott bok! Og den kan absolutt anbefales til nynorskallergikere også 😉 Jeg elsker nynorsk, jeg da 🙂 Vakrast i verda ❤

  4. Hver gang jeg leser en omtale av Fugletribunalet får jeg lyst til å lese boka, din var intet unntak. Så kommer jeg på at jeg har lest og ikke likte den – og skjønner ingenting. Ufullstendig uforståelig

  5. Hahahaaa, IngaLill, det er herlig 🙂 Kanskje du rett og slett må lese den om igjen?
    Ellers har jeg vært og lånt biografi om sportsutøvere, og var sååå klar til neste runde i biografisirkelen – for så å finne ut at jeg er en måned for tidlig ute … Det kan da ikke stemme at forrige runde var nettopp!!??
    Når skjedde det sist at jeg var tidlig ute?

  6. Folkelesnad er bra! Samhald gjer sterk, veit du! Du, kanskje grunnen til at du ikkje likte boka, er at det ikkje er ei springebok, men ei sofabok? Kanskje det hjelp om du les ho etter ein løpetur?

  7. Jeg har bestilt meg Fugletribunalet på biblioteket(2-3 ukers ventetid var det faktisk), og kjenner jeg gleder meg til å lese boka. Nynorsk er så vakkert, det er vanskelig å finne like vakre vendinger på bokmål 🙂 Det er først etter at jeg ble voksen at jeg har lært meg å sette pris på mitt sidemål.

    Jeg kjenner på en indre glede når jeg leser at du på mystisk vis har endt opp med to av de nominerte til bokbloggerprisen hjemme hos deg. Til neste års pris er du kanskje med og nominerer også? Jeg håper vi kan finne fram til noen ukjente perler som folk utenfor bokbloggsfæren lar seg inspirere til å lese. Òg at folk går utenfor sin komfortsone, jeg håper ikke-bloggende folk tar med seg for eksempel Fugl hjem i år og leser den selv om de kanskje ikke har barn. En del bøker kan fint leses av alle, om innholdet likes eller ikke vil ha mer med personlig smak å gjøre enn alder.

  8. Ta det med ro. Du bare tror du er tidlig ute. Plutselig er det bare uker igjen og du har fremdeles ikke begynt. Jeg har også allerede lånt sportsmann, men du skal se det likevel blir stress. Kan jo også hende vi ombestemmer oss?
    (Tror ikke jeg leser Fugletribunalet om igjen – til tross for kollektiv elsk på boka. Men annen Ravatn skal jeg definitivt lese!)

  9. «Fugletribunalet» er ei veldig vakker bok! Eg likte den veldig godt! Ravatn kan verkeleg skrive! Eg er glad for at du har plukka opp både denne og fugl, sjølv om du ikkje hadde tenkt det. Eg veit ikkje om eg les alle heller, fordi nokre høyrtes ut til å vere litt utanfor det eg les til vanleg. (Wassmo til dømes). Ha ein veldig fin dag vidare!

Jeg setter stor pris på om du legger igjen en kommentar! Jeg skal gjøre mitt beste for å svare alle. Ønsker deg en GLAD dag!

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s