Agnes Ravatn, Drama

Bokomtale: Veke 53

Eg las nettopp Fugletribunalet av Agnes Ravatn, og fekk meg ein ny forfattar på favorittlista mi. Då var det enkelt å plukka med seg debutromanen hennar, Veke 53, frå biblioteket.
Er det mogleg med ein ny start? Det er det Veke 53 handlar om. Georg Ulveset er ein middeladrande, fråskild lektor. Han har teke mange meir eller mindre gjennomtenkte val gjennom livet, og dei fleste angrar han på.
Ottar, Georgs beste kamerat, seier at det handlar ikkje om å leva lenge, men om å leva nok. Veke 53 gjer mange krumspring, både tragiske og humoristiske, rundt denne utsegnen. For det går nemleg ikkje så bra med Georg, og i denne jula i boka, skjer det fleire endringar i livet hans. Han blir nøydd å stoppa opp og tenka på vegen vidare: Kan han fortsetja som lærar? Kan han starta ein pub i  nabobygda? Og kjærleiken, finst den? Den ekte, altså … For Georg har insett at det er ei forbanna einsemd både å vera ein og å vera to. Kva skjer når Marlene dukkar opp?

Veke 53 er ein roman om å våga og gje slepp på det gamle. Om å våga og starta på nytt. Ikkje minst om at ein ny start ikkje viskar ut det som var.

Eg likte Veke 53 veldig godt. Det er ein velskriven og humoristisk roman med djupe undertonar.

4 tanker om “Bokomtale: Veke 53”

  1. Fugletribunalet er genial, så jeg tror jeg må gjøre som deg, lese Veke 53. Jeg presser meg selv til å lese mer nynorsk, og blir liksom forundret hver gang jeg har plukket ut noe som fenger. Denne, for eksempel, var mer spennende enn mange av krimfortellingene jeg har lest i det siste. http://tinesundal.blogspot.no/2014/03/eit-plutseleg-mrke-av-solfrid-sivertsen.html Håper du våkner opp til en nydelig søndag. Selv har jeg avtale om tur på Lyderhorn kl. 9, og det blåser og regner vannrett, så det blir en frisk start 🙂

  2. Ja, Fugletribunalet er en genial bok! Jeg likte også Veke 53 veldig godt, men skulle nok ønske jeg leste den først. Det er noe med fallhøyder etter geniale bøker …
    Du er heldig som har Lyderhorn – håper det var en fin tur i regnet 🙂

Jeg setter stor pris på om du legger igjen en kommentar! Jeg skal gjøre mitt beste for å svare alle. Ønsker deg en GLAD dag!

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s