Elena Ferrante, Historisk roman, Oppvekstroman

Bokomtale: Historia om det nye namnet

Eg las nettop Mi briljante venninne av Elena Ferrante, og var passe fornøgd, og ikkje heile overbevist om at eg skulle lese resten av bøkene i Napoli-kvartetten – ikkje før eg las den siste setninga i boka: Om eit par sko. Fyrst då fall alle bitane på plass. Historiene i boka gav mening. Fyrst då kunne eg kjenne på kordan boka hadde gripe meg.

I Historia om det nye namnet møter me Lila og Elena som vaksne ungdom. Lila blei som 16-åring gift med kjøpmannen Stefano Caracci, og samlivet med han viste seg å verta svært annleis enn kva ho hadde sett føre seg. Elena går framleis på skule, og er ein framifrå student. Det er sterke band mellom jentene, dei er avhengige av kvarandre, og dei øydelegg kvarandre. Elena støyter Lila frå seg fleire gonger, ho skjønar ikkje at Lila faktisk ynskjer det beste for ho.

Samlaget skriv dette bak på boka:

Historia om det nye namnet begynner der Mi briljante venninne sluttar, med at seksten år gamle Lila giftar seg med kjøpmannen Stefano Carracci. Lila innser at ho ikkje kjenner mannen ho har gifta seg med, og ho opplever ekteskapet som eit fengsel. Ein sommarferie på Ischia blir ein erotisk vekkjar for Lila, men samtidig set ho vennskapet med Elena på ei alvorleg prøve.
Livet til dei to jentene held fram i kvar si retning. Studia fører ELena ut av det gamle livet, til ein anna by og eit anna miljø, mens Lila må ta eit val for å redde seg sjølv, og blir send tilbake til fattigdommen.

Historia om det nye namnet er ein roman om to kvinners kamp for å realisere seg sjølve i 60-talets Italia, før ungdomsopprør og kvinnefrigjering. Ein soman om eit vennskap som rommar kjærleik og hat, beundring og sjalusi, men som er så sterkt at ingen av dei to kvinnene er heilt seg sjølve utan den andre.

Desse to briljante venninnene har mykje til felles. Dei har vakse opp i fattigkvartalet i Napoli, kor brutaliteten og råskapen frå mafiaen dominerar. Dei har vore forelska i dei same gutane, dei kjem frå fattige familiar som ikkje alltid ser med godvilje på boklærdomen deira. Og sjølv om dei, og spesielt Elena, er svært boklærde, så manglar dei det me kan kalla for allmennkunnskap. Kunnskapen deira strekkjer seg ikkje lenger enn til deira eigen bydel. Dei kjenner lite til kva som rører seg i verda, i Italia.

Forrige sundag delte eg eit utdrag frå boka, i En smakebit på søndag. Både i dette utdraget og i boka som heilheit, har Nino Sarratore ein sentral plass. Faktisk så sentral plass at det var med Nino Sarratore boka slutta.

Dei dansa tett inntil kvarandre, vage flimrande skuggar. Musikken slutta. Og før nokon motvillig slo på lyset, kjende eg ein eksplosjon i brystet, der var Nino Sarratore. Han tende ein sigarett, flammen flakka over ansiktet hans. Eg hadde ikkje sett han på nesten eit år, han verka eldre, høgare, meir rufsete, vakrare. I mellomtida kom det sterke lyset på, og eg kjende også igjen jenta som han akkurat hadde dansa med. Det var den same som eg  den gongen hadde sett utanfpr skolen, den naturleg vakre ungjenta, skinande, som hadde tvinga meg til å kjenne kor grå eg var.

Eg vart svært gripen av denne historia. Slik som i Mi briljante venninne, er også Historia om det nye namnet ein svært lågmælt historie. Men det går ei sterk nerve gjennom heile boka, eg kjende at eg vart sugd inn i historia, at eg kjende sterk sympati for  både Elena og Lila, at eg vart sint på dei, gret for dei og håpa og ba for dei.

Samstundes som det var ei sterk historie om eit turbulent vennskap, var det og ei skildring av Napoli og Italia. Om fascisme, kommunisme, sosialisme og kristen-demokrati. Kanskje er det like mykje ein historisk roman som det er ein oppvekstroman.

Eg anbefalar deg på det sterkaste om å lesa boka. Kanskje hadde du det som meg, at du ikkje var heilt overbevist etter å ha lest Mi briljante venninne? Historia om det nye namnet er ein mykje større og sterkare lesaroppleving! Eg trur eg til og med vågar meg til å seia at du går glipp av noko om du ikkje les desse bøkene.

5 tanker om “Bokomtale: Historia om det nye namnet”

Jeg setter stor pris på om du legger igjen en kommentar! Jeg skal gjøre mitt beste for å svare alle. Ønsker deg en GLAD dag!

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut /  Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut /  Endre )

Kobler til %s