Urd av Rut Lillegraven er ei spennande og annleis poetisk bok. Eg er usikker på om det er riktig å definera ho som ei diktsamling, for ho er så mykje meir enn det. Urd er en liten bok, og såleis enkel og raskt lesen. Samtidig er det ei bok som treng å lesast sakte, for dikta er ikkje ordrike, men samstundes veldig innhaldsrike. Eg måtte stoppe opp undervegs i lesinga, for å forstå det eg las, og for å la historia synke inn. Eg synst Urd har mykje til felles med punktromanen Anne av Paal Helge Haugen.
Urd er historia om to kvinner fødd i kvar sin ende av det 19. århundret. Det handlar om to heilt ulike liv, knytte saman av eit lite hus og felles familiehistorie. Urd handlar om tida som kjem og går, om kampen for å overleva. Om liv som tek slutt og om nytt liv som kjem til.
Det var ei vakker og sterk reise gjennom nesten eit heilt århundre. Eg hadde ikkje dei store forventningane til denne boka, men det blei ei utelukkande positiv leseoppleving. Det var eit imponerande språk – dei veldig få orda som romma så mykje liv. Både smerten og gleda som alle menneske er utsette for. Eg blei så glad i Seselja, syersken som hadde betydd så mykje for mange menneske, men som samstundes levde eit einsamt liv.
For ein vakker diktsamling, det kjendest som eg las ein lang roman! Tenk å kunne fortelje 100 års historie på så få ord. Eg er imponert!
Urd er nominert til Bokbloggerprisen 2013 i kategorien open klasse. Eg vert verken overraska eller lei meg om denne diktsamlinga vinn, sjølv om eg framleis held ein (pitteliten) knapp på Fugl av Lisa Aisato. Tru eg.
Ja,denne er så fin og kjekt å høre at den falt i smak hos deg også. Gleder meg til å lese mer fra denne kanten.
Ja, den var fin. Lånte den på biblioteket, men må kjøpe den også 😊 må leses om igjen når den har fått sunket litt mer inn …
Veldig god omtale av boken!.Så et program i NRK1 tidligere, hvor forfatteren ble intervjuet om denne boken. Kom også i programmet, inn på bladet URD (ikke lenger i salg) som min mor holdt i min barndom. Husker hun likte det veldig godt, og jeg fikk en veldig respekt for dette bladet.
Så morsomt at det var et blad som het Urd 😊 hadde tenkt å finne mer ut om navnet Urd, men har glemt det litt ut i feriedagene … Får google litt i kveld.
Ja, denne er veldig fin.:)
Takk for påminnelse – og fin omtale.
Dette er den eneste jeg nå mangler, men det blir stadig skjøvet lenger ned i bunken, til tross for gode omtaler og få sider. Sikker fordi jeg tror jeg all tid i verden og det er gjort på noen timer?
Det går galt hver gang. Foreløpig er også Fugl min favoritt.