Det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź er skriven av Marit Kaldhol, og er ein av tre nominerte bøker i romanklassen til Bokbloggerprisen 2014. Dei andre nominerte er Finne ly av Aina Basso og Unnskyld av Ida Hegazi Høyer. Dei er alle svært gode kandidatar, sjølv om eg nok veit kven eg sjølv skal stemme på. Førebels er det hemmeleg.
Hugsar du, vi snakka om alt vi skulle gjere. Om framtida. Vi skulle reise til Łódź, til pappa. Han skulle øve på gitaren med deg. Eg skulle bli kjent med han. Vi skulle lære oss litt polsk. Gå på restaurang med pappa, sitte saman og ete, vi tre under ein parasoll. Vi skulle ha det fint, og gatene skulle vere varme. Så skulle vi fotografere kvarandre, og sende bilde heim til mamma.
Viss mamma hadde levd.
Det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź er ein roman om sorg og sakn, om einsemd og lengsel. Om det å høyre til, men kan hende meir om mangel på tilhøyre.
Det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź handlar om ei ung jente som strever med kordan ho skal takle sorga over faren ho aldri kjende, om mora som døydde og om systera som lever, men som ikkje er der.
Det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź trudde eg skulle handle om ei reise til Łódź, men boka handlar om ei heilt anna reise. Det er Jenny si reise tilbake i tid for å finne ut kordan ho skal meistre notida. Skal ho la systera fare, eller skal ho hente henne heim?
Det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź er ein vakker roman. På grensa mellom poesi og sakprosa med eit enkelt og samstundes rikt språk. Marit Kaldhol skriv om dei nære ting, om relasjonar. Om det sårbare i å vere åleine. Det sårbare i å opne seg, å fortelje kordan ein eigentlig har det.
Og så tittelen, då: Det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź – bare denne er ein heil annalyse av boka. Meisterleg!
Det skulle vere sol, vi skulle reise til Łódź.
Eg anbefalar boka på det varmaste.
Ja, hva er det å ikke like med denne boken? Tror jeg må elle-melle litt mellom kandidatene, synes alle tre bøkene er utrolig sterke 🙂
Enig. Mange gode kandidater. Akkurat i denne klassen vet jeg hva jeg skal stemme, men jeg har større problemer med å bestemme meg i åpen klasse. Blir spennende å se hva resultatet blir!
En utrolig vakker bok!
Ja, vakker og sår! God sommer 🙂